Foto: Honorata Kaja Gajda

Kva kan du gjere?

For å redde elvene må vi vere mange. Vi må få vise at det er engasjement rundt det, og skape meir engasjement og aktivitet. Her er nokre tips til kva du kan gjere for å få med fleire, og for å redde elvene.

Bli med på facebook! Her er det blant anna mogelegheit for å delta på aktivitetar og følje med på kva som skjer rundt om i landet. Vil du hjelpe oss å redde elvene er dette plassen å vere, for å få tips og triks til kva du kan gjere for å ta vare på ditt vassdrag, bli med i debatten og vise motstand. Bli med på Facebook her

Spre informasjon. Vi må få ut informasjon om statusen til norske vassdrag. For å få ut dette treng vi di hjelp. Spre facebook-kampanjen, stå på stand, skriv lesarbrev og vis at det er mogeleg å gjere noko for å ta vare på den verdifulle vassdragsnaturen i Noreg. 

Aksjoner. Skal den verdifulle elva i kommuna di leggast i rør? Det er ikkje greit!  Få med pressa, mål banner, trykk opp handplakatar, få med venar og kjende og vis at det er engasjement for elva. 

Kom med innspel. Sit du inne med ein god idé til kva ein kan gjere for å få opp engasjementet rundt elvene, har du gode aksjonstips, tips til aktivitetar ein kan gjere i somar eller har nokon flotte bileter av elver du gjerne vil dele? Ta kontakt og kom med innspel.