Foto: Norges Naturvernforbund

Meir om elvene

To tredelar av norske vassdrag er utbygd. 7 av dei 10 høgaste fossane i Noreg er lagt i rør, og det ligg eit stort press på dei få urørte elvene vi har igjen. Norsk elver er truga. Skal vi gi etter for presset og la dei siste urørte elvene byggast ut, eller er tida for stor vasskraftutbygging over?

Naturen

Det store tapet av naturmangfald krever at vi stoppar den store vasskraftutbygginga. Klimaet krever at vi brukar nye fornybare løysingar.

Naturen er livsgrunnlaget vårt. Frå naturen får vi blant anna reint vatn, mat og livsviktige medisinar. Likevell øydelegg vi den i ei rasande fart. Det døyr ut artar i ei fart som er 1000 til 10 000 gongar raskare enn normalt, omlag ein art kvart tiande minutt. Dette store tapet må vi stoppe. Det gjer vi ikkje ved å øydeleggje leveområda til artane som lev i og rundt norske vassdrag. Vi har eit stort ansvar, både for oss og internasjonalt, for å ta vare på dei siste uutbygde elvene i Noreg.

Klimaet

Klimaendringar og det store tapet av naturmangfald er dei største utfordringane menneskeheita står ovanfor i dag. Vi må klare å stoppe det store tapet av naturmangfald, samstundes som vi stoppar farlege klimaendringar. Vi må over til eit fornybart samfunn.

Over 90% av energiproduksjonen vår er fornybar vasskraft. Likevel er over 50% av vårt energiforbruk fossilt. Skal vi kutte utslepp er vi nødt til å erstatte det fossile med fornybar energi. Då må vi byggje ut meir fornybar energi, som ikkje går på bekostning av verdifullt naturmangfald. Noreg har eit enormt potsensiale for å byggje ut miljøvenleg vindkraft, samstundes som vi kan bruke nye teknologiar som bølgje- og tidevasskraft. Saman med energieffektivisering vil dette kunne kutte store utslepp.Klimaet krever at vi tar i bruk det store potensialet for miljøvenleg energi.

Les også notatet fra Naturvernforbundet og Sabima: Flomsikring i og for et endret klima

Vasskraft

All energiproduksjon har konsekvensar for naturen, men vi kan ikkje slutte å bruke energi. Då er det viktig at ein veljer den energien utan irreversible verknadar. Diverre førar vasskraft ofte til ei stor påkjenning på naturen rundt. Mindre vatn i elvene saman med større fysiske inngrep kan gi dramatiske konsekvensar for sårbare artar og naturtypar. Endring av den naturlege vassvegen, erosjon, endra vasskvalitet, oksygenforhald og nye artar er nokon av dei konsekvensane vasskraftutbygging kan bringe med seg. Derfor er det å seie dei til storstilt vasskraftutbygging å ta vare på naturmangfaldet i Noreg.

Friluftsliv

Elvene er friluftlivets livsnervar, og lokkar med mange mogelegheiter for aktivitetar. Fossar og stryk er mektige naturfenomen, men natur utan elver som flyt fritt er temma natur. Aktivitetar i vassdrag kan vere alt frå rolege pausar med matpakka, fottur langs elva, kanopadling i stille elver, eller elvepadling i kajakk, fisking, juving og surfing.

Fiskarforeningar, padlerklubbar og turistforeningar brukar elvene aktivt i tilbodet for born og unge. Skular og bornehagar finn ofte elver i nærleiken til friluftsbruk. Mange av dei elvene som kan bli lagt i rør er aktivt brukt til sport og fritid, og å leggje dei i rør vil ta frå mange eit viktig område.