Foto: Ketil Skogen

Om kampanjen

Redd Elvene er ein kampanje som Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Den Norske Turistforening, DNT Ung og Noregs Padlerforbund står bak. Målet er å auke bevisstheita rundt den unike vassdragsnaturen i Noreg, og engasjementet for å ta vare på den.

 

Skal vi stoppe den storstilte vassdragsutbygginga vi ser i dag, må vi vere saman om det. Natur og UngdomNaturvernforbundetDNT Ung og Noregs Padlerforbund har slått seg saman for å stoppe storstilt utbygging av vasskraft.

 

Redd Elvene har ei Facebook-side som oppdaterast jamnleg, der du kan følgje med på kva som skjer rundt om i landet, bli med på aktivitetar og få inspirasjon til kva du kan gjere for å redde elvene. Bli med her, og spre den til venar og kjende.